Det første ein må tenkje på når ein skal grave snøhole er å finne ein skavel med god nok snø og at hole ligg i ly for vinden. På rysete fann me eit område som passa desse kriteria perfekt! Turen var i gang.
Eg var på gruppe med Sanna og Anja. Grunnen til at hole skavelen me valgte var perfekt, var fordi den var på det me kallar le-sida av ein haug, noko som gjer at vind og snø lager skavlar. Me lagde 6 snøholer i alt, ei til kvar gruppe. For å finne ut om det var nok snø i skavelen brukte me ein målepinne, som me stakk inn i snøen. Den målte i centimeter kor djupt det var inn, og ga oss eit innblikk i om det var nok eller ikkje. Målestokken viste at det var god margin, og me begynte å grave.
For å få mest muleg effektiv graving, starte me med å grave to forskjellige holer, der den eine var inngang, mens den andre var briskinngang. Me prøvde å begynne å grave så høgt som mogleg i skavelen, så den snøen me gravde opp heller kunne blitt skyvd vekk, i staden for å bli løfta. Me sparte mykje krefter på dette. Grunnen til at me gravde to inngongar, var fordi det at det då også vart mykje enklare å grave brisken. Med to inngongar, kunne me også vere to stykker inni hola samtidig, og derfra grave ut.
Grovarbeidet i hola var å grave inn i hola og derfra kaste snøen me gravde ut igjen. Når brisken var ferdig grava, begynte ei i gruppa å jamne ut taket i hola, mens dei to andre jobba med å få djup og lang nok kuldegrop. Kuldegropa lagde me, for å "fange" kulda i, og derfra gjere det meir behageleg å vere i hola. Den kalde lufta samlar seg i gropa, mens den varme stig opp og ut i brisken. For å stenge ute vinden og kulden, måtte me til slutt dekke til inngangen me hadde laga, for å gjere nytte av kuldegropa. Me tetta igjen heile vegen opp, men hadde nok rom heilt nede til å kunne krabbe inn og ut av hola. For å tette igjen den høge inngangen brukte me den mest effektive måten som mogleg, og det var å lage snøblokker. Desse blokkene sagde me ut med sag og lægra brisken, sånn at kulden samla seg heilt nede.
Gruppa vår mista eit medlem før turen, då Beate skada foten og kunne ikkje bli med. Dette førte til litt meir arbeid, ein utfordring eg føler gruppa tok på strak arm. Sjølv om arbeidet var langvarande og tungt, tok alle tak og var med på å gjere det til ein god tur oppleving. Me fordelte arbeidsoppgåvene og jobba målbevist for å nå måla me sette oss. Å sove i hola var veldig bra. Det var behagleg og god temperatur, noko som gjorde opplevelsen utelukkande positiv. Hardt arbeid, vart belønna med ei god natt's søvn, og alt i alt ein kjekk oppleving på fjellet!
Takk for turen!
- Sander