søndag 10. mai 2015

Kystfriluftsliv

Utstyret:
Utstyret som trengs når det kjem til kystfrilusftsliv er:
Mat, redningsvest, varme, gode og vasstette klede, kano og årer.
Dette utstyret brukte også friluftsliv gruppa vår når me var på kano tur frå Helgheim til Hagelin. Kano, årer og redningsvest fekk me når me møtte opp utanfor Helgheim, der mi delte oss inn i to og to, og fekk ein kano på kvar gruppe. Så fekk mi velge ut ein redningsvest kvar som var i riktig vektklasse og åre som var på ca lik høgde med haka våres.

I land og ombordstigning
Det første som er viktig å tenke på før i land og ombordstigning er at kanoen ligg tett inntil brygga. Da er det lurt at den første som går i kanoen av dei to, held den i ro og tett inntil brygga, mens den andre stig ombord. Her er det vanlegast med ulykker, og det er viktig å vere varsom og kanskje sette seg ned på huk før ein reis oppi, for å ha best mogeleg kontroll. For at dette skal funke, er det viktig at den som allerede sit i kanoen, sit roleg og balansert midt i kanoen. Slik at det ikkje vippar eller blir ubalansert. Kan også vere eit triks å halde fast i brygga.
Når ein skal i land igjen etter turen, kan ein tenke seg at ein tek prosessen, berre i motsett rekkefølgje. Då sit den eine i kanoen og held den fast og balanserar, mens den andre går ut av kanoen. Frå land held den første som gjekk ut fast kanoen i brygga og gir den andre personen eit godt utgangspunkt å gå i land frå.

Padleteknikk, manøvrering og sittestilling 
For å gjere det enklast mogleg å halde balanse er riktig sittestilling veldig viktig. Ein må sitte midt i kanoen for best mogleg balanse. Med "V stilling" for beina blir det enda betre balanse. Om det er mykje bølger i vatnet, kan det vere ein god teknikk for god stødigheit.
Kanotur, vakker måte å oppleve Noreg på.
God padleteknikk er kunsten bak ein jamn framdrift. Når det er to i kanoen, er det den som er fremst som er motoren bak det heile. Han styrer tempoet i padlinga. Den som sit bakerst er styringa og navigeringa av båten, då han har best oversikt av dei to, og har ansvaret for at kanoen går i riktig retning. For at dette skal fungere må dei to tilpasse seg til kvarandre.
Det er fleire manøvreringsformer i kanopadling. Ein av desse er J-Tak, som er slik at ein svingar veldig kjapt mot den eine sida ein vil til. Den andre teknikken er at eine av dei to i kanoen stikk åra nede i vatnet og styrer mot eine sida ein vil, mens den andre padlar. Begge funkar veldig bra og blei hyppig brukt når me var på tur.

Kameratredning
Kameratredning hadde me i symjehallen. Dette var den enklaste plassen å øve, men ikkje heilt ideel, då vatnet i symjehallen var både vinstilt og i god temperatur, noko det sjeldant er i sognefjorden.
Me hadde fire kanoar ute i bassenget, der to og to av desse var kamerat kanoar og samarbeide saman.
Ein av dei to velta kanoen med vilje, og venta på den kameratkanoen for hjelp, for å trena på kameratredning. Kanoen som hadde velta styrte kanoen mot kameratkanoen, som hadde stilt seg opp på langs, med tuppen først. Når dei hadde ført kanoane i lag, gjekk dei to som var i den valta kanoen, bakerst og la tyngda si der for å vippe den opp på den andre. Når den var vippa oppå, drog dei den innpå så den lå midt i kanoen. Da tømte dei den for vatn. Dei to andre hang seg opp på kvar sin ende av kameratkanoen, og hang der i ein kvile stilling som var god å ha, mens dei andre snudde kanoen igjen. Når den var snudd la dei kanoen på langs attme sin eigen, for so å halde den fast der. Då var det enkelt for dei to andre å klatre opp i sin eigen kano igjen, med hjelp av å ta eine foten oppi først, og so løfte seg opp i.

Navigering og marsjfart.
For å bruke minst mogleg krefter på kanotur, er det viktig å padle i marsjfart. Navigeringer også viktig, sida det er nødvendig for å halde rett kurs mot målet som er sett, og for å sjå kvar det egnar seg og ikkje egnar seg, å padle.

Takk for turen!
- Sander

fredag 27. mars 2015

Snøholetur

Det første ein må tenkje på når ein skal grave snøhole er å finne ein skavel med god nok snø og at hole ligg i ly for vinden. På rysete fann me eit område som passa desse kriteria perfekt! Turen var i gang.

Eg var på gruppe med Sanna og Anja. Grunnen til at hole skavelen me valgte var perfekt, var fordi den var på det me kallar le-sida av ein haug, noko som gjer at vind og snø lager skavlar. Me lagde 6 snøholer i alt, ei til kvar gruppe. For å finne ut om det var nok snø i skavelen brukte me ein målepinne, som me stakk inn i snøen. Den målte i centimeter kor djupt det var inn, og ga oss eit innblikk i om det var nok eller ikkje. Målestokken viste at det var god margin, og me begynte å grave.

For å få mest muleg effektiv graving, starte me med å grave to forskjellige holer, der den eine var inngang, mens den andre var briskinngang. Me prøvde å begynne å grave så høgt som mogleg i skavelen, så den snøen me gravde opp heller kunne blitt skyvd vekk, i staden for å bli løfta. Me sparte mykje krefter på dette. Grunnen til at me gravde to inngongar, var fordi det at det då også vart mykje enklare å grave brisken. Med to inngongar, kunne me også vere to stykker inni hola samtidig, og derfra grave ut.

Grovarbeidet i hola var å grave inn i hola og derfra kaste snøen me gravde ut igjen. Når brisken var ferdig grava, begynte ei i gruppa å jamne ut taket i hola, mens dei to andre jobba med å få djup og lang nok kuldegrop. Kuldegropa lagde me, for å "fange" kulda i, og derfra gjere det meir behageleg å vere i hola. Den kalde lufta samlar seg i gropa, mens den varme stig opp og ut i brisken. For å stenge ute vinden og kulden, måtte me til slutt dekke til inngangen me hadde laga, for å gjere nytte av kuldegropa. Me tetta igjen heile vegen opp, men hadde nok rom heilt nede til å kunne krabbe inn og ut av hola. For å tette igjen den høge inngangen brukte me den mest effektive måten som mogleg, og det var å lage snøblokker. Desse blokkene sagde me ut med sag og lægra brisken, sånn at kulden samla seg heilt nede.

Gruppa vår mista eit medlem før turen, då Beate skada foten og kunne ikkje bli med. Dette førte til litt meir arbeid, ein utfordring eg føler gruppa tok på strak arm. Sjølv om arbeidet var langvarande og tungt, tok alle tak og var med på å gjere det til ein god tur oppleving. Me fordelte arbeidsoppgåvene og jobba målbevist for å nå måla me sette oss. Å sove i hola var veldig bra. Det var behagleg og god temperatur, noko som gjorde opplevelsen utelukkande positiv. Hardt arbeid, vart belønna med ei god natt's søvn, og alt i alt ein kjekk oppleving på fjellet!

Takk for turen!
- Sander

tirsdag 24. februar 2015

Vinterfjellet - Mystisk, storslagent og lokkande



Me kjem på skulen mandag den 22. februar i undring. Ikkje veit me kvar me skal eller korleis me kjem oss dit, men ein ting er sikkert. Me skal besøke den praktfulle naturen, kalla vinterfjellet. Ein tur i hadde det blitt på klassen to knappa veker tidlegare, men den var uheldigvis ikkje skribenten oppleve, som følge av oppkøyring på bil lappen. Så i dette innlegget vil eg skrive kun om turen 2ST klassen hadde til kaupanger. 

Gutta på tur!
Turplanlegginga set me igong med så snart timen har begynt. Med oss på turen har me ein student kalla Mats, som set oss i arbeid. Oppgåva er enkel: finn ei reiseløype som vil få oss fort, effektivt og enkelt til topps av ein fjelltopp på Kaupanger kalla pikkhaug. Løypa opp sette mi igjennom ospesete og lang ein kraftveg på kartet. Løypa me fulgte var først langs ein traktorveg før me bega oss utpå ein bratt sti. Der var det nokon som kjente på korleis å kombinere glatte ski med bratt føre kunne føre til ein tung fysisk opplevelse. 

Etter å ha nådd fram til Ospeseter var det ein liten bratt stigning før turgruppa fulgte ein trakka veg til kraft gata me hadde sett på før turen. Derfra nådde me nok ein bratt stigning, som me fulgte over to bakke toppar før me nådde toppen. Som ein direkte årsak av at transporten me hadde planlagt å ta frå skulen i Sogndal til Goro i Kaupanger vart forseinka, måtte gruppa ty til plan B. Dette var å forkorte turen, så diverre nådde me ikkje heilt opp på pikkhaug denne gongen. 

På toppen av turen vår, var det tid for ei ny oppgåve. Beskjeden frå Mats var at alle måtte finne fram kart og kompass. Oppgåva var å navigere seg fram til nokre punkt han fant fram på kartet ved bruk av desse reiskapane. Eit av triksa han lærte oss var å navigere ut kursen, for så å sikte seg inn på eit bestemt punkt i den retninga. Når ein kom til dette punktet, var det enklare å navigere på nytt å treffe utgangspunktet. 

Kompasskurs var utan tvil utfordrande, men ei god læring då det i fjellet kan vise seg å vere svært viktig. Å orientere seg i naturen er noko eg sjølv kjenner på at eg har blitt betre på etter denna turen. 
Turen ned var morosam! Bratte bakkar og ujanm terreng gav gruppa ei real utfordring noko som viste seg å bli eit komisk syn og oppleving for alle involverte. 

I etterkant av turen sit eg igjen med ei kjensle av at det var ein suksess. Me lærte mykje om orientering i naturen og også noko ski teknikk og erfaringar som kan bli viktige i seinare tid. Personleg har eg lært av turen at det å ha riktig utstyr til skia er viktig. Eg hadde valgt nokre feller som var korte. Dette kan vere ein fordel på turar med litt flatare terreng, men på så bratte turar som denne gongen hadde det nok vore lurare med lengre feller. 

Takk for turen!
- Sander

tirsdag 21. oktober 2014

Halsavatnet - Ein kald fornøyelse!

Torsdag 1600 sto friluftsliv gjengen klar for ny tur. Etter ein hektisk skule dag, bars det til fjells for dei kjekke ungdommane, og alle var ivrige for ny tur. Denne gongen var sekken pakka med meir ull og varme klede, då me viste kva som venta oss utover haust kvelden.

Når fellesutstyr var utdelte vart me køyrde opp til Åsen, der turen for alvor starta. Me hadde sett oss nokre felles mål før turen, som blant anna gjekk ut på at me skulle klare å gå meir samla i gruppa enn sist. Dette vart fokusert på og me gjekk eit med eit jamnt, solid tempo heile vegen, noko som gjorde at tidsskjemaet vart fulgt til punkt og prikke. 1800 var tur gjengen framme og det var tid for å velge leirplass.
"For livets glade gutter, går solen aldri ned."

Denna oppgåva var det gruppa mi som sto til ansvar for, og den skulle vise seg å vere meir krevjande enn først antatt. Noko me måtte ta tilrette for var at det var vind og myr, så det var begrensa med plass. Etter litt leiting fant me endelig ein plass alle var fornøgde med, og slo oss ned der. 1900 var tetla oppe, og gruppene var i gong med matlaginga. Me begynte også å kle oss med nokre lag ekstra, då me merka at kulden begynte å komma krypande.

Utover kvelden vart det kos ved bålet, og me fekk ein lekson i korleis ein ekte spøkelseshistorie skal høyres ut frå Kristina. Når me lag oss var dei fleste trøtte og me fekk ei god natts søvn, trass i kulda.
Kart og kompass var viktige medhjelparar på turen

09.00 vart me vekt fredagen, klare for ein ny dag med nye opplevingar. Kulden satt i kroppen etter ei kald natt i fjellet, men etter ein kjapp gå tur, følte me oss kvikke og kjekke igjen. Ein betre frukost vart eten opp, og avreise for den neste etappen var kl. 09.15. Etter først å ha gått oppom Nuken, gjekk me vidare mot hylsete og derfra til skulen.

Frå denna turen vil eg ta med meg gode erfaringar for framtida. Ein ting eg er nøgd med frå turen er maten gruppa lagde. Det var både godt å næringsrikt, og er noko eg virkelig vil anbefala til neste gruppe eg kjem på. Me åt kyllingfile steikt i fajitas med tacolefser og grønsaker. Knallgodt!

Ein ting eg ikkje er like fornøgd med er at eg frøys so mykje på beina når eg sov. Neste gong vil eg nok ta med eit par med tjukke sokkar til å kompensere for kulda!


Takk for turen!
- Sander Bang


Rute me gjekk. 

tirsdag 30. september 2014

Brenning av bål

Brenning av bål kan ofte bli sett på som ei enkel oppgåve, men det er faktisk meir komplisert enn ein kan tru. Det er mange ulike bål typar, som alle har forskjellige bruksområder. 
Bål har vorte brukt minst 500 000 år av våre forfedre og elde har vore kjend og i bruk lenge før menneske begynte å bruke jorda. Elden hadde som bruksområde å gi varme, lys og tryggleik for lenge sidan. Når me i dag er samla rundt bålet, ber vi vidare ein urgammal kulturarv. Det å meistre bål har alltid vore ein viktig eigenskap og like viktig er det å vite kvar bålplassane kan leggjast, og korlis vi skal sløkkje bålet. 

Det er mange måtar å lage eit bål på. Kva ved vi kan bruke, årstida og kva bruken av bålet skal vere, avgjer båltypen. God kveike ein kan bruke til å få fyr på bålet kan vere bjørkenever eller oppflisa tyri. Når ein har fått fyr på kveika, bruker ein den tynnaste og tørraste veden først, slik at ein får meir varme på bålet og kan legga større kubba oppå seinare. Når du har fått masse glød treng ikkje veden ein legg oppå der igjen, vere heilt tørr. 

Vinterbålet byggjer ein opp med å setje tjukke rå stokkar i grunnen, med tynn og tørr ved oppå der igjen. dei øverste laga består av nøreved, spon flisa, tørt granris og til slutt bjørkenever. 

Eit anna type bål er pyramide bål;
- Då fliser du opp eit tørt vedstykke så tynt som mogleg og tenner det frå vindsida. (Legg never inn i mellom flisene om du har det)
- Når du har fått dei første flammane legg du opp veden i pyramideform, først finkløyvd og så grovare etter kvart som varmen blir sterkare.




Kjelder: 
- Friluftsliv boka

fredag 19. september 2014

Fjerlandssete - Ein tur med mange opplevingar!

Mandag blei ein innhaldsrik dag for oss som er glad i friluftsliv! Etter ein kort introduksjon til fordeling av saker og ting, satte me kurs for Mannsverk i Øvstedalen, der me skulle starte turen vår. Nokre veker i forvegen vart fem teltgrupper delt inn i klassen, og mi telt gruppe vart tidleg einige om fordeling av mat, rute planlegging og korleis me skulle fordele oss i teltet.
Furusete

Første delen av turen gjekk frå Mannsverk til ein flott liten plass kalla Furusete. Her hadde klassen ein velfortjent pust i bakken med både lunsj og påfylling av drikke flasker. Turen derfra gjekk vidare med sti opp til Fjærlandssete. Klassen bytta på kva grupper som hadde føringen og som valgte rute, og felles for alle gruppene den første dagen var at me vart gåande i eit enormt tempo! Turen opp gjekk på knappe 3 timar, og det inkluderar ein times stopp ved Furusete.

Oppe ved Fjærlandssete møtte me på vår første ordentlige utfordring i å velge leirplass for natta. Her vart gruppe i leiinga litt uenige om plassering, men etter litt diskusjon fant me ein perfekt plass nede med vatnet, som låg idyllisk til. Her slo me opp telta, og pakka ut sakene våre. Å slå opp telta gjekk overraskande flott, og gruppa støtte ikkje på nokre problem. Me fekk fritid til å fiske og kose oss som mi ville før middag. Til middag lagde gruppa mi makaroni og tomatsuppe, noko som vart ein mindre suksess! Etter middag hadde klassen ein aktivitet som innebar å bruke navigering med hjelp av kompass og kart. Utover kvelden fekk me gjere som me ville og koste oss rundt bålet med pølser og kakao.

Tysdag morgon, etter ei god natts søvn, gjekk reisen videre til vakre Fagreggi, videre til Kollsetestølen og til slutt på Kollsete. Gruppa mi hadde leiinga til Fagreggi, noko som var ein utfordring. Men etterkvart fant me ein løysning og navigerte gruppa trygt fram til Fagreggi. Etter ein litt turbulent siste etappen frå den siste gruppe, kom me endelig ned til Kollsete, og tok derfra bussen heim.

Ein ting eg er godt nøgd med frå turen er at eg hadde med meg mykje mat, og vart aldri svolten. Dette er noko eg vil ta med meg videre til neste tur, og huske på då eg plar ete mykje mat når eg er heime! Eg hadde fleire matpakker i tillegg til middag og frukost, så eg hadde meir enn nok.

Ein god tur gjeng.

Telta oppe!

Ein ting eg er mindre nøgd med er at eg ikkje hadde med meg gode joggesko når eg kom opp på toppen. Fjellskoa mine vart litt vel tunge å gå med, og eg kunne tenkt meg eit lett og godt joggesko par der oppe når me hadde aktivitetar.

Noko eg lærte meg frå denne turen var utan tvil forskjellige reglar og navn ved kartet, som for eksempel hjelpelinjer og holdepunkter. Desse blir veldig nyttige i framtida, då kart og kompass er noko me spesielt bruker på tur! Ulike haldepunkt kan vere fjell, skog, høgder og så videre.

- Sander Bang
Ruta gruppa mi gjekk, markert i blått.