fredag 19. september 2014

Fjerlandssete - Ein tur med mange opplevingar!

Mandag blei ein innhaldsrik dag for oss som er glad i friluftsliv! Etter ein kort introduksjon til fordeling av saker og ting, satte me kurs for Mannsverk i Øvstedalen, der me skulle starte turen vår. Nokre veker i forvegen vart fem teltgrupper delt inn i klassen, og mi telt gruppe vart tidleg einige om fordeling av mat, rute planlegging og korleis me skulle fordele oss i teltet.
Furusete

Første delen av turen gjekk frå Mannsverk til ein flott liten plass kalla Furusete. Her hadde klassen ein velfortjent pust i bakken med både lunsj og påfylling av drikke flasker. Turen derfra gjekk vidare med sti opp til Fjærlandssete. Klassen bytta på kva grupper som hadde føringen og som valgte rute, og felles for alle gruppene den første dagen var at me vart gåande i eit enormt tempo! Turen opp gjekk på knappe 3 timar, og det inkluderar ein times stopp ved Furusete.

Oppe ved Fjærlandssete møtte me på vår første ordentlige utfordring i å velge leirplass for natta. Her vart gruppe i leiinga litt uenige om plassering, men etter litt diskusjon fant me ein perfekt plass nede med vatnet, som låg idyllisk til. Her slo me opp telta, og pakka ut sakene våre. Å slå opp telta gjekk overraskande flott, og gruppa støtte ikkje på nokre problem. Me fekk fritid til å fiske og kose oss som mi ville før middag. Til middag lagde gruppa mi makaroni og tomatsuppe, noko som vart ein mindre suksess! Etter middag hadde klassen ein aktivitet som innebar å bruke navigering med hjelp av kompass og kart. Utover kvelden fekk me gjere som me ville og koste oss rundt bålet med pølser og kakao.

Tysdag morgon, etter ei god natts søvn, gjekk reisen videre til vakre Fagreggi, videre til Kollsetestølen og til slutt på Kollsete. Gruppa mi hadde leiinga til Fagreggi, noko som var ein utfordring. Men etterkvart fant me ein løysning og navigerte gruppa trygt fram til Fagreggi. Etter ein litt turbulent siste etappen frå den siste gruppe, kom me endelig ned til Kollsete, og tok derfra bussen heim.

Ein ting eg er godt nøgd med frå turen er at eg hadde med meg mykje mat, og vart aldri svolten. Dette er noko eg vil ta med meg videre til neste tur, og huske på då eg plar ete mykje mat når eg er heime! Eg hadde fleire matpakker i tillegg til middag og frukost, så eg hadde meir enn nok.

Ein god tur gjeng.

Telta oppe!

Ein ting eg er mindre nøgd med er at eg ikkje hadde med meg gode joggesko når eg kom opp på toppen. Fjellskoa mine vart litt vel tunge å gå med, og eg kunne tenkt meg eit lett og godt joggesko par der oppe når me hadde aktivitetar.

Noko eg lærte meg frå denne turen var utan tvil forskjellige reglar og navn ved kartet, som for eksempel hjelpelinjer og holdepunkter. Desse blir veldig nyttige i framtida, då kart og kompass er noko me spesielt bruker på tur! Ulike haldepunkt kan vere fjell, skog, høgder og så videre.

- Sander Bang
Ruta gruppa mi gjekk, markert i blått.

7 kommentarer:

  1. Fantastisk blogg! Kan du legge ut dagens outfit?

    SvarSlett
  2. Hei. Kjempefin blogg. Skal på tur til Sogndal i høstferien, skal ta med meg barna på denne fjellturen da. Takk for gode tips :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Ole!
      Kjekt å høyre, var ein kjekk tur med mykje fin natur. Håpar du og resten av gjengen kosar dykk! ;-)

      Slett
    2. Takker for det. Turen skal prøves :-)

      Slett
  3. Dette var ein god oppsumering av turen, Sander. Du har fått med både dine eigne opplevingar på turen og litt ke du synst om dei andre gruppene si styring. Det var og fine bilder du hadde tatt med. Fin blogg!

    SvarSlett
  4. Kjempebra skreve, og fin inndeling av teksten! Bildi toppa alt!!

    SvarSlett