tirsdag 21. oktober 2014

Halsavatnet - Ein kald fornøyelse!

Torsdag 1600 sto friluftsliv gjengen klar for ny tur. Etter ein hektisk skule dag, bars det til fjells for dei kjekke ungdommane, og alle var ivrige for ny tur. Denne gongen var sekken pakka med meir ull og varme klede, då me viste kva som venta oss utover haust kvelden.

Når fellesutstyr var utdelte vart me køyrde opp til Åsen, der turen for alvor starta. Me hadde sett oss nokre felles mål før turen, som blant anna gjekk ut på at me skulle klare å gå meir samla i gruppa enn sist. Dette vart fokusert på og me gjekk eit med eit jamnt, solid tempo heile vegen, noko som gjorde at tidsskjemaet vart fulgt til punkt og prikke. 1800 var tur gjengen framme og det var tid for å velge leirplass.
"For livets glade gutter, går solen aldri ned."

Denna oppgåva var det gruppa mi som sto til ansvar for, og den skulle vise seg å vere meir krevjande enn først antatt. Noko me måtte ta tilrette for var at det var vind og myr, så det var begrensa med plass. Etter litt leiting fant me endelig ein plass alle var fornøgde med, og slo oss ned der. 1900 var tetla oppe, og gruppene var i gong med matlaginga. Me begynte også å kle oss med nokre lag ekstra, då me merka at kulden begynte å komma krypande.

Utover kvelden vart det kos ved bålet, og me fekk ein lekson i korleis ein ekte spøkelseshistorie skal høyres ut frå Kristina. Når me lag oss var dei fleste trøtte og me fekk ei god natts søvn, trass i kulda.
Kart og kompass var viktige medhjelparar på turen

09.00 vart me vekt fredagen, klare for ein ny dag med nye opplevingar. Kulden satt i kroppen etter ei kald natt i fjellet, men etter ein kjapp gå tur, følte me oss kvikke og kjekke igjen. Ein betre frukost vart eten opp, og avreise for den neste etappen var kl. 09.15. Etter først å ha gått oppom Nuken, gjekk me vidare mot hylsete og derfra til skulen.

Frå denna turen vil eg ta med meg gode erfaringar for framtida. Ein ting eg er nøgd med frå turen er maten gruppa lagde. Det var både godt å næringsrikt, og er noko eg virkelig vil anbefala til neste gruppe eg kjem på. Me åt kyllingfile steikt i fajitas med tacolefser og grønsaker. Knallgodt!

Ein ting eg ikkje er like fornøgd med er at eg frøys so mykje på beina når eg sov. Neste gong vil eg nok ta med eit par med tjukke sokkar til å kompensere for kulda!


Takk for turen!
- Sander Bang


Rute me gjekk. 

tirsdag 30. september 2014

Brenning av bål

Brenning av bål kan ofte bli sett på som ei enkel oppgåve, men det er faktisk meir komplisert enn ein kan tru. Det er mange ulike bål typar, som alle har forskjellige bruksområder. 
Bål har vorte brukt minst 500 000 år av våre forfedre og elde har vore kjend og i bruk lenge før menneske begynte å bruke jorda. Elden hadde som bruksområde å gi varme, lys og tryggleik for lenge sidan. Når me i dag er samla rundt bålet, ber vi vidare ein urgammal kulturarv. Det å meistre bål har alltid vore ein viktig eigenskap og like viktig er det å vite kvar bålplassane kan leggjast, og korlis vi skal sløkkje bålet. 

Det er mange måtar å lage eit bål på. Kva ved vi kan bruke, årstida og kva bruken av bålet skal vere, avgjer båltypen. God kveike ein kan bruke til å få fyr på bålet kan vere bjørkenever eller oppflisa tyri. Når ein har fått fyr på kveika, bruker ein den tynnaste og tørraste veden først, slik at ein får meir varme på bålet og kan legga større kubba oppå seinare. Når du har fått masse glød treng ikkje veden ein legg oppå der igjen, vere heilt tørr. 

Vinterbålet byggjer ein opp med å setje tjukke rå stokkar i grunnen, med tynn og tørr ved oppå der igjen. dei øverste laga består av nøreved, spon flisa, tørt granris og til slutt bjørkenever. 

Eit anna type bål er pyramide bål;
- Då fliser du opp eit tørt vedstykke så tynt som mogleg og tenner det frå vindsida. (Legg never inn i mellom flisene om du har det)
- Når du har fått dei første flammane legg du opp veden i pyramideform, først finkløyvd og så grovare etter kvart som varmen blir sterkare.




Kjelder: 
- Friluftsliv boka

fredag 19. september 2014

Fjerlandssete - Ein tur med mange opplevingar!

Mandag blei ein innhaldsrik dag for oss som er glad i friluftsliv! Etter ein kort introduksjon til fordeling av saker og ting, satte me kurs for Mannsverk i Øvstedalen, der me skulle starte turen vår. Nokre veker i forvegen vart fem teltgrupper delt inn i klassen, og mi telt gruppe vart tidleg einige om fordeling av mat, rute planlegging og korleis me skulle fordele oss i teltet.
Furusete

Første delen av turen gjekk frå Mannsverk til ein flott liten plass kalla Furusete. Her hadde klassen ein velfortjent pust i bakken med både lunsj og påfylling av drikke flasker. Turen derfra gjekk vidare med sti opp til Fjærlandssete. Klassen bytta på kva grupper som hadde føringen og som valgte rute, og felles for alle gruppene den første dagen var at me vart gåande i eit enormt tempo! Turen opp gjekk på knappe 3 timar, og det inkluderar ein times stopp ved Furusete.

Oppe ved Fjærlandssete møtte me på vår første ordentlige utfordring i å velge leirplass for natta. Her vart gruppe i leiinga litt uenige om plassering, men etter litt diskusjon fant me ein perfekt plass nede med vatnet, som låg idyllisk til. Her slo me opp telta, og pakka ut sakene våre. Å slå opp telta gjekk overraskande flott, og gruppa støtte ikkje på nokre problem. Me fekk fritid til å fiske og kose oss som mi ville før middag. Til middag lagde gruppa mi makaroni og tomatsuppe, noko som vart ein mindre suksess! Etter middag hadde klassen ein aktivitet som innebar å bruke navigering med hjelp av kompass og kart. Utover kvelden fekk me gjere som me ville og koste oss rundt bålet med pølser og kakao.

Tysdag morgon, etter ei god natts søvn, gjekk reisen videre til vakre Fagreggi, videre til Kollsetestølen og til slutt på Kollsete. Gruppa mi hadde leiinga til Fagreggi, noko som var ein utfordring. Men etterkvart fant me ein løysning og navigerte gruppa trygt fram til Fagreggi. Etter ein litt turbulent siste etappen frå den siste gruppe, kom me endelig ned til Kollsete, og tok derfra bussen heim.

Ein ting eg er godt nøgd med frå turen er at eg hadde med meg mykje mat, og vart aldri svolten. Dette er noko eg vil ta med meg videre til neste tur, og huske på då eg plar ete mykje mat når eg er heime! Eg hadde fleire matpakker i tillegg til middag og frukost, så eg hadde meir enn nok.

Ein god tur gjeng.

Telta oppe!

Ein ting eg er mindre nøgd med er at eg ikkje hadde med meg gode joggesko når eg kom opp på toppen. Fjellskoa mine vart litt vel tunge å gå med, og eg kunne tenkt meg eit lett og godt joggesko par der oppe når me hadde aktivitetar.

Noko eg lærte meg frå denne turen var utan tvil forskjellige reglar og navn ved kartet, som for eksempel hjelpelinjer og holdepunkter. Desse blir veldig nyttige i framtida, då kart og kompass er noko me spesielt bruker på tur! Ulike haldepunkt kan vere fjell, skog, høgder og så videre.

- Sander Bang
Ruta gruppa mi gjekk, markert i blått.